søndag 7. mars 2010

Ein solskinsdag

Då var det tid for eit nynorsk innlegg. Eg har begynt å glede meg veldig til sommaren no, og i den anledning fekk eg lyst til å skrive ein god gammal sommarslager om til nynorsk.

Postgirobygget – Ein solskinsdag

Eg sit nede på berget og ser utover havet
Ein solskinsdag i ferien min
I sommar skal eg surfe, stå på vasski og bade
Ja, denne ferien trur eg blir fin

Forbi meg susar Andersen i kabincruiseren sin
Med alle vennane sine om bord
Det kryr av jenter der i gjennomsiktige bluser
Som Andersen blei kjent med i fjor
Eg tittar på jenter, eg har solbriller på
Så ingen riktig ser kor eg ser
Den penaste av jentene tar av behåen sin
Og snur seg imot meg og seier

Du si meg
Har du det bra
Jo, takk skal du ha
Eg har det betre enn dei fleste her til stades
Eg smilar kvar dag
Fordi eg er glad
Det er så fint å leve si meg kan du ikkje sjå det
Og blir du med og lyser etter krabber
For krabber er det beste eg veit










Vi reiser ut i båten min ein kvit dromedille
Ho seier ho er glad at eg spurde
Vi finn oss ein holme det er fredeleg og stille
Eg seier eg er glad at eg torde
Så sit vi og kosar oss til sola går ned
Og månen atter tittar fram
Vi lyser etter krabber heilt til klokka blir fire
Fornøgde vi vender heim, ho seier:

Takk for i dag
Eg har hatt det så bra
Det har vore så gøy å vere saman med deg kjære
Eg gleder meg til middag
Klokka to i morgon
Vi har hatt det så fint kanskje er det meir i gjære
Eg dekkjer på med lys og raude roser

Og opnar ein veuve cliquot
No har eg det bra
Og takk skal du ha
Eg har det betre enn dei fleste her til stades
Eg smilar kvar dag
Fordi eg er glad
Det er så fint å leve sjølv om stolbeina er skeive
Eg dekkjer på med lys og raude roser
Og ventar på at ho skal ringje på