søndag 30. august 2009

Besøk av mannen som lever av ”tull og tøys”


Onsdag 26.8 fekk Sandvika vgs besøk av ein spesiell mann som godt mogeleg har funne den morosamaste jobben i verda. Are Kalvø lever nemleg av det han kallar ”tull og tøys”. I følgje Kalvø er det ein spesiell grunn til at akkurat han kan drive med berre tull og framleis bli teke på alvor; han skuldar på at han skriv på nynorsk. Viss eg skal tru på Kalvø betyr vel det at eg kan skrive kva som helst i dette innlegget og likevel bli teke alvorleg? Og det blir betre, for i følgje Kalvø er ikkje dette den einaste fordelen med nynorsk. Ein vil faktisk framstå som svært intelligent sjølv om ein ikkje er særleg smart.

Mannen som både er kjent som stand-up komikar, programleiar på radio og forfattaren bak kjende bøker som ”Kunsten å vere neger,” ”Bibelen 2” og ”Syden” var altså på skulen min førre onsdag og fortalde om korleis han brukar nynorsk for å kunne leve av ”tull og tøys.”

Eg må dessverre innrømme at Kalvø ikkje levde opp til forventingane mine, og eg synest ikkje han er verdig 57. plass på lista over morosame menn i Noreg. Når eg tenkjer meg om, har vi kanskje ikkje så mange morosame menn i landet vårt og for å vere ærleg så kan eg ikkje tenkje meg at det er stort meir enn 57 stykke å velje frå. Joda, eg fekk meg ein god latter i ny og ne, men for det meste trekte eg ikkje eingong på smilebandet. Det er mogeleg at eg hadde vore meir positiv om ingen på førehand hadde fortalt meg at framføringa var utruleg morosam og at eg burde glede meg. Det er ulempa med å ha høge forventingar; ein blir så lett skuffa!

Biletet er henta frå dropboxen til Ingunn.

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Du er visst både smart og intelligent på nynorsk, ser det ut til! Dette er bortimot prikkfritt gjennomført. Elles er eg enig med deg, det er farleg med for store forventningar. Det kan lett bli keisamt.

    SvarSlett